Fine festivalfolk;

Vi håpar på ein strålande sommar her på Unneland. Årets villsaulamm er for lengst sende til fjells, på Ottogarden ventar Arne og Sissel spent på dei finaste bringebæra frå eigen åker, og Raymond har slått alle bakkane som slåast skal i mils omkrins, for denne gong. I mellomtida slår geitekillingane til Jane fast at veret er temmeleg skiftande for tida. Om dei berre hadde komme på det, ville dei nok ha mekra det ut over bygda:

Uansett sol eller regn - Hausten kjem og då er det endeleg Låveleik!

Hugs at konsertane våre vert kjapt utselde. Me ønskjer små og store hjarteleg velkomne til Låveleik på Unneland. Bestill billettar no på TicketCo

 

Sponsorer

 

 

  

 

Go to top