For sjuende år på rad arrangerer Unneland Grendalag Familiefestivalen Låveleik, 15 og 16 september. Denne helga opner vi nok ein gong løer og skulebygg og barnehage, og byr på kjempegøye opplevingar for store og små.

Familiefestivalen Låveleik er ein veldig liten og intim festival som har sjarmert både publikum og ei rekke av landets største artistar. Kvar september opnar vi hjartedører og låvedører i den vakre heimbygda vår Unneland, og inviterer til ei helg med store musikkopplevingar utanfor allfarveg. Aktivitetar og konsertar på Ottogarden, på Unneland Kulturhus og i løa til Bjørn og Siren.

Låveleik er ein festival der vi byr på uvanleg fine kulturopplevingar i lokale utanom det vanlege. Artistane som kjem hit skal også oppleve Unneland som ein uvanleg bra stad å spele. Musikarane og skodespelarane som kjem til Unneland i september er av dei fremste i landet, men ikkje alle er like kjende lokalt. Når gode grannar går heim frå konsertane og takkar dugnadsgjengen for «Den største konsertopplevinga i heile mitt liv», då veit vi at Låveleik treff.

Go to top