Unneland Grendalag arrangerer for sjuende året på rad Familiefestivalen Låveleik, 15 og 16 september, så gjør allerede nå plass i kalenderen. Denne helga opner vi løer, skulebygg og barnehagar og byr på kjempegøye opplevingar for store og små. Årets program er snart klart så følg med...

Hugs at konsertane våre vert kjapt utselde. Me ønskjer små og store hjarteleg velkomne til Låveleik på Unneland. Bestill billettar no på TicketCo

Noe av det som står på programmet i år er:

 


> 15.09  kl 19:00  (dørene opnar 18:00)          Opningskonsert                                           i løa til Bjørn &Siren

 

Aleineheimefest med Odd Nordstoga

Sist Odd Norstoga kom til Unneland vart billettane rive vekk på rekordtid. No inviterer Låveleik til Aleine Heime fest med den suverene formidlaren frå Plassen i Vinje. Det siste året har Odd turnert med songane han har skrive på albumet ”Dette Landet”. Med låtar som ”Kunsten å gå” og ”Diesel og Bensin” vart albumet ein av Odd Nordstogas største suksessar til no. Det har vore fulle hus og stormande jubel nær sagt overalt.
No mønstrar Odd på turnebussen igjen, og med på lasset kjem ein haug med gitarar og låtar han ikkje før har spelt inn, nye songar som nett er lanserte, og om me er heldige: Ein strålande coverlåt av sjølvaste Lars Winnerbäck. Når vi riggar løa for å vere på tomannshand med Odd, ligg alt til rette for ein musikalsk fullkomen kveld.

Billetter kr. 420,-


> 16.09  kl 12:30                                                                                      på Ottogarden

Annlaug Børsheim solo

Annlaug Børsheim aleine på Ottogarden

Annlaug Børsheim syng og spelar fele, hardingfele og gitar. Ho kjem frå Ulvik i Hardanger, og samarbeider med Gabriel Fliflet, Olav Tveitane og ei rekke skotske folkemusikarar. Ho har også samarbeid med ulike forfattarar som Per Olav Kaldestad, Ragnar Hovland, Frode Grytten og Pedro Carmona-Alvarez. På Ottogarden møter du Annlaug og hennar rike register av ord og tonar.

Billetter kr. 170,-


> 16.09  kl 15:00                                                                                 på Unneland Kulturhus - HUSET

Familiekonsert med Morgonfrosken

For den spretne, nyfikne og undrande Morgonfrosken er ingen tema for store eller for små. Universet, einsemd og kjærleik går hand i hand med vêr og vind, fugl og frosk. Musikken er ei fin blanding av norsk folkemusikk, viser og pop, og tekstane er henta frå boka Når Morgonfrosken syng av Per Olav Kaldestad.
Med den eminente folkemusikaren Annlaug Børsheim i spissen har trioen spelt ei rekke konsertar dei siste åra, mellom anna på Førdefestivalen, Bajazz og no sist på Vossajazz. I fjor haust kom den fyrste plata til Morgonfrosken, med namnet «Og fjøla blei ein seglbåt og tanken blei ein vind». Den hausta mange godord frå både store og små tilhøyrarar.

Annlaug Børsheim – vokal, gitar, fele
Ingemund Askeland – banjo, klarinett, munnspel
Mari Skeie Ljones – fele

 Billetter kr. 70,- 


 > 16.09  kl 19:30                                                                               i løa til Bjørn&Siren

The Kambourines

 Ragnhild Kambo og Endre Olsen likar at harmoniar grin, komp svettar og melodiar flyg. Det har summa rundt oss: Få dei til Låveleik! Og vi er veldig glade for at det endeleg klaffar i år. Låveleik byr på gode musikkopplevingar utanfor allfarveg, og musikarane i The Kambourines vil syngje og spele deg varm om hjarterøtene. Kom! 

 Billetter kr. 270,-


> 16.09  kl 22:00                                                                               i løa til Bjørn&Siren

The Last Hurrah (!!) med Maesa Pullman

Maesa Pullman and The Last Hurrah
Produsenten, musikaren og låtskrivaren HP Gundersen sitt band The Last Hurrah!! har fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Dei siste åra har bandet jobba mykje med amerikansk folk og country frå 60- og 70-talet. Deira siste album, «Mudflowers», fekk strålande kritikkar over heile fjøla, og Aftenposten skreiv i ein omtale at: «The Last Hurrah!! får dypdykk i amerikansk tradisjonsmusikk til å høres enkelt ut. Bak ligger et liv med lytting, vedvarende begeistring og bunnsolid håndverk.
HP Gundersen skaper musikk som kommer deg i møte som gamle kjenninger og helt nye venner.»
Med seg til Låveleik har dei vokalisten og låtskriver Maesa Pullman fra Los Angeles. Ho har ei stemme av gull, og reknast å vera mellom dei ypparste representantane for den gryande folk rock-renessansen i California for tida. Om du ikkje får med deg konserten deira i Los Angeles i juli, fortvil ikkje: Dei spelar på Unneland 16 september!

 Billetter kr. 370,-


 

> 16.09  kl ca 13:30 - ca. 17:00

Bruktbutikk og kafė på Ottogarden

Kafé og bruktutsal etter konserten med Annlaug Børsheim, brukbutikken holder stengt så lenge konserten varer.

 

>16.09  kl 12:00 - ca. 14:00

Open barnehage på Unneland

Aktiviteter for de minste

>16.09 kl 12:00 - ca. 15:00

Ponnyridning, geocaching, kafé, m.m...

Go to top