Unneland Grendalag arrangerer for åttende året på rad Familiefestivalen Låveleik, 31 august og 1 september, så gjør allerede nå plass i kalenderen. Denne helga opner vi løer, skulebygg og barnehagar og byr på kjempegøye opplevingar for store og små. Årets program er snart klart så følg med...

Hugs at konsertane våre vert kjapt utselde. Me ønskjer små og store hjarteleg velkomne til Låveleik på Unneland. Bestill billettar no på TicketCo

Noe av det som står på programmet i år er:

 


> 31.08  kl 19:00  (dørene opnar 18:00)          Opningskonsert                                           i løa til Bjørn & Siren

 

FRODE GRYTTEN BEAT BAND

Ein kveld med Frode Grytten Beat Band er som å få gå på dans, lenge før du er konfirmert. Ein kveld med Frode Grytten Beat Band er kjensla av å få rulle med russen, det året du sluttar ungdomsskulen.
Denne kvelden med Frode Gryten Beat Band er å hente fram att gløymde hjarteslag til rytmen av Bruce Springsteen.
Løetaket letta sist FGBB var i bygda. No er det seks år sidan- endeleg kjem karane heim!

Billetter kr. 450,-


> 31.08  kl 21:00                                                                                                           i løa til Bjørn & Siren

 

FOSSE FAMILY BARN SESSION

Når sant skal seiast: Det er forskjell på folk! Enkelte familiar er berre heilt suverent fine. Som td Familien Fosse, opprinneleg frå Garnes og Ytre Arna. Det vil føre for langt å diskutere suksessformelen frå bestemødrene Ingunn og Anne, men musikken vil tale for seg.


Me har knegått pappa og gitarist Roar Fosse, og no tar han med seg musikardøtrene sine Ingeborg og Solveig. Jentene har imponert stort frå starten av sine musikalske karrierer, og denne kvelden får vi vere med familien Fosse tilbake til deira musikalske heimebane.

Billetter kr. 220,-


> 1.09  kl 15:30                                                                                 på Unneland Kulturhus - HUSET

DUO TUNNEL - Knutsen & Ludvigsen til kidsa på Låveleik!

 Velkomen til allsong langt over grensa, når Duo Tunnel tek store og små låveleikarar med inn i Knutsen & Ludvigsen sitt eineståande univers. Dei strengeføre og kazoo-blesande musikarane Jørgen Sandvik og Endre Olsen byr med denne konserten på dei aller største hitsa, saman med nokre litt meir løynde skattar frå tunnelen sine krikar og krokar. Her treff vi kyr og bikkjer, elledillar og krokofantar, fargeblinde fiskehandlarar og akterutsegla bestefedre. Konserten passar for born i alle aldrar.

 Billetter kr. 70,- 


 > 1.09  kl 19:00                                                                             i løa til Siren & Bjørn

ROSA PULLMAN 

Det ryktar seg fort at Unneland er noko for seg. Nok ei dame frå Los Angeles tar turen over Atlanterhavet for å spele for oss. Rosa Pullman vaks opp i New York i ein heim fylt av musikk og songharmoniar, Rosa spelte piano då ho var fem og skreiv sin første låt då ho var ni.


Rosa er kusina til Maesa, vår vakre ven frå Wildwood Flowers og The Last Hurrah. No kjem storfamilien Pullmann til Unneland, og me tar i mot med opne armar.

 Billetter kr. 350,-


> 1.09  kl 21:00                                                                               i løa til Bjørn & Siren

KÅBBOIANE KJEM - Atle Hansen og Ragnar Hovland

Kortreist California: 

Eg sendte ei melding til dei finaste folka frå Sunnhordland. Svaret let ikkje vente på seg:

Me kjem! Det er mest ikkje til å tru: Kåbboiane kjem!

Til Låveleik kjem Hansen og Hovland med nye og gamle songar om liver på dei endelause vestlandske præriane, fjordane og ferjekaiane, om livet som cowboy, om kvinner dei har møtt og stader dei har vore og reist frå. «Kåbboiane kjem» er eit program sett saman for Låveleik, og her har Hansen og Hovland alliert seg med ei rekke av dei framste musikarane her vest:
Ole Amund Gjersvik, Ole Jacob Hystad, Jørgen Sandvik, Endre Olsen og Hans-Olav Molde.

 Billetter kr. 250,-


> 1.09  kl 23:00                                                                               i løa til Bjørn & Siren

MAESSA PULLMANN AND THE WILDWOOD FLOWERS 

Maessa Pullmann, Jason Hiller, HP Gundersen og Jørgen Sandvik

I fjor spelte The Last Hurrah på Låveleik, og musikken deira varma oss langt inn i månadar utan sol på Unneland. I år kjem magiske Maesa Pullman tilbake til Låveleik, men eit anna hjartebarn: The Wildwood Flowers. Dette musikalske prosjektet er tufta på musikarane sin felles kjærleik for amerikansk roots. Dei deler sine finaste songskattar med oss, og det er berre å gjere seg klare for gåsehud. Musikken er ei samling av Maesa Pullmann sine songar, samt klassikarar innan blues, soul og folk.

 Billetter kr. 350,-


 

 

>1.09  kl 12:00 - ca. 14:00

Open barnehage på Unneland

Aktiviteter for de minste

>16.09 kl 12:00 - ca. 15:00

Ponnyridning, geocaching, kafé, m.m...

Go to top